11. okt. 2017

Voodoo i Drammen


Ein tekst om kvardagslivet til Eivind Bisgaard Sundet kamuflert som fotballreportasje

av Nils Henrik Smith (@NilsHenrikSmith) 
Even Smith Wergeland (@SmithWergeland)

Dette er historia om då tre menn – to frå Bryne, ein frå Fjellhamar – skulle til Drammen for å møte ein kar frå Mandal, nærare bestemt fotballekspert Eivind Bisgaard Sundet. Han hadde lokka oss til Noregs femte største by for å sjå Noreg U21 i aksjon mot Tyskland U21. Vi var invitert til Drammen for å kaste glans, først og fremst over (den grå) kvardagen til Bisgaard Sundet. Han bur ikkje ein gong i Drammen, men i Lier, som vi kjem tilbake til.

Rekord Bar i Drammen. Vår arena før kamp.

Men først litt om den fotballmessige ramma, berre for å gjere unna pliktløpet. Noreg har faktisk gode resultat å vise til mot Tyskland på U21-nivå: Éin siger og éin uavgjort er fasiten. Mykje takka vere Trond Fredrik Ludvigsen, faktisk. I mai 2000 scora han begge måla då Noreg spela 2-2 borte (sjølvmål av Pa-Modou Kah og Daniel Bierofka for Tyskland), og det eine av tre mål då Noreg grusa Tyskland 3-0 på Åråsen stadion året etter. Magne Hoseth og Christer George netta også på den stakkars Timo Hildebrand i Tyskland-buret. Med 16 mål er Ludvigsen stadig den mestscorande på U21-nivå på herresida i Noreg. Som alle hugsar som om det var i går, vart jo Altas Maradona seinare proff i tysk fotball, då han vart henta til Hertha BSC som den tredje av klubbens fem nordmenn gjennom tidene, men dét er ei anna soge.

Interessant nok var både Noreg og Tyskland på eit vippepunkt i dei tider. Tyskland nådde eit absolutt botnnivå, med den konsekvens at heile fotballsatsinga vart lagt om radikalt. Vi kjenner alle til sluttvisa på det: Ein nærast endelaus produksjon av fantastiske enkeltspelarar, herlege klubblag, innovative trenarar og eit landslag som tidvis har vore det beste i verda.

Noreg, derimot, deltok i sin siste meisterskap på seniornivå i 2000. Talentfulle spelarar har kome og gått, og stadig færre av dei har lukkast på øvste nivå. Mange av dei vi har håpa på har hatt ein tendens til å peake tidleg, for så å fisle ut som ein heliumsballong morgonen etter Jærdagen. Vi nemner i fleng: Azar Karadas – heilt klart best som ung, då det i det minste såg ut som om han hadde teknikk. Magne Hoseth – tidvis ein utmerkt Tippeliga-spelar, men aldri den nasjonale strategen vi håpa han skulle bli. Tommy Øren – ofte ein suksess hjå Kaiserslautern eller Ipswich i CM 01/02, men diverre ikkje i røynda. Daniel Braaten – best då afroen framleis var intakt. Per Ciljan Skjelbred – herja som 18-åring mot Zidane i Champions League, traust støttepasningsspelar seinare. Trond Erik Bertelsen – på A-landslaget i 2006, på benken i Sandnes-Ulf i år. Marcus Pedersen – vel så god under første opphald i Drammen som no. Martin Ødegaard...vel, han kan det enno verte noko av, som vi kjem tilbake til under.

Erlend Dahl Reitan med innkast. Martin Ødegaard lurar i midten.

Treig burger, rask taxi
Men nok om det. Vi var i Drammen for å ha det moro ein tysdags kveld og, ikkje minst, for at Bisgaard Sundet skulle ha det moro. For kor moro kan det vere å bu i Lier kommune, som arbeidslaus aspirerande stjernetrenar? Ikkje meir moro enn at ein må mase seg til mat på Rekord Bar i Drammen, vår designerte arena før kampen. Dei har nemleg ikkje matservering på kvardagar, men var viljuge til å gjere eit unntak i går. Den offisielle grunnen var fotballquizzen kl. 19, men gudane veit kva Eivind hadde mått utføre av ’tenester’ for å kunne tilby burger til oss tilreisande. Det tok likevel tid: ”Slow food”-konseptet i Drammen betyr openbert at det kan ta lang tid før kokken faktisk kjem i gang med matlaginga.

Så treigt gjekk det at vi måtte ta taxi – ein køyretur på ca. 2 min – for å rekke kampen. Samt at det regna så mykje at Eivind var bekymra for om frisyren vil halde heile kvelden. Morten Galåsen – vår mann frå Lørenskog kommune – var mest bekymra for at det skulle vere rart å vere på Marienlyst utan Lillestrøm på banen. Det gjekk tilsynelatande fint.

Som Bundesliga-kommentator hjå Eurosport den gongen kanalen framleis synte samfunnsansvar og difor Bundesliga, kan Eivind sjølvsagt Absolutt Alt om tysk fotball. Den tyske spelaren ham var mest oppteken av før kampen var, typisk nok, reservemålvakta Svend Brodersen frå St. Pauli. Dette skuldast nok delvis at Broderen til Eivind heiter Sven, men òg at han gjennom nitidig research (Google) hadde oppdaga at Brodersens fulle namn er Svend Arvid Stanislaw Brodersen. Arvid Brodersen var, som alle veit, ein norsk sosiolog og motstandsmann som på 1920-talet studerte i Berlin og seinare brukte sine kontaktar i Tyskland til å skaffe verdifull info til Jens Christian Hauge og dei andre gladgutane i Heimefronten. Då krigen var over, vart Arvid Brodersen den første direktøren for UNESCO si samfunnsvitskaplege avdeling, og seinare professor ved The New School of Social Science i New York, kor han bl.a. var kollega med sjølvaste Hannah Arendt. Følgjeleg var kunnskapshungrige Bisgaard Sundet svært interessert i å finne ut av det eventuelle slektskapet mellom renessansemannen Brodersen og hans nesten-namnebror frå Reeperbahn. Han hadde sågar instruert TV2 si utsending på Marienlyst til å om mogleg spørje Brodersen om dette i Mixed Sone etter kampen, men dette kan ikkje ha lukkast, for mysteriet er framleis uløyst. Vi planlegg imidlertid å filme TV-dokumentaren På Sporet Av Den Tapte Arvid i løpet av 2018, så følg med, følg med!

Korrupsjon og Dan Eggen
Lat oss no sjå nærare på Drammen. Byen har jo ord på seg for å vere ein av dei betre i Noreg på byutvikling. Men dei siste par åra har det handla mest om ein skikkeleg skandale – ei omfattande korrupsjonssak i byggesaksavdelinga i Drammen kommune. Kort sagt har denne gått ut på at slue utbyggjarar har fått løyve til å byggje den billige driten dei ville, mot at sakshandsamaren fekk ein liten økonomisk kompensasjon under bordet. Slik sett skil Drammen seg frå andre norske kommunar på to punkt: Driten var i det minste ulovleg, og korrupsjonen vart faktisk oppdaga. Det var for øvrig ein tidlegare kollega av ein av oss, Hilde Haslum, som var byplansjef i Drammen då dette vart rulla opp. Etter påkjenninga det var å jobbe seg gjennom korrupsjonssaka vart Haslum omdelegert til å jobbe med ”overordnede strategiske analyser og planer direkte for rådmannen”, som Dagsavisen Fremtiden summerte det opp i mai 2016. Sidan har ingen høyrt frå henne, med muleg unntak av rådmannen.

Ypsilon av Arne Eggen Arkitekter AS

Også ein annan tidlegare kollega av ein av oss har vore viktig i Drammen. Denne har til og med ein artig link til fotball. Ingeniør Arne Eggen, mannen bak firmaet Arne Eggen Arkitekter AS, har designa den ikoniske gangbrua ved namn Ypsilon. Brua har blitt eit slags norsk Guggenheim-museum, i den forstand at ho sette ein ny standard for korleis ein kunne drive sentrumsutvikling ved hjelp av eit strategisk plassert anlegg.

Det eigentleg interessante med Eggen er ikkje brua, men slektskapen til ein norsk fotballprofil. Ut frå visuelle trekk kunne det godt vore Nils Arne Eggen, men det er derimot Dan Eggen – heavy metal-entusiasten som også var ganske god i fotball. Arne Eggen er far åt Dan, eit faktum som dessverre gjekk oss hus forbi alle dei tre åra då ein av oss hadde far Eggen som kontornabo på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. Mange fortapte år med lunsjar som kunne handla om heilt andre ting enn byggteknikk.

Det norske suburbia
Drammen har altså litt å by på. Problemet til Eivind er imidlertid at han ikkje bur i Drammen, men i Lier. Kanskje var det venstreraddis-røtene frå Mandal som dreiv han over på feil side av elva, på leiting etter ein norsk arbeidarklasse som ikkje lenger finst? Kanskje var det for å kome nærare Spiralen friluftsmuseum der oppe i lia? Kanskje var det eit lettsindig forhold til prevensjonsmiddel, med dertil høyande familieauke - eller kanskje det rett og slett var eit idealistisk forsøk på å urbanisere ein ny del av Noreg? Han og familien har i alle fall finne seg eit bustadområde som sosiokulturelt sett treff blink: Eit utprega arbeidarklasseområde frå 1950-talet.

Det er rett nok langt mellom dei ordinære arbeidarane der i dag, men Eivind er uansett ved godt mot. Mellom ølslurkane mumlar han ting som ’familievennlig’, ’lettvindt’, ’godt tilrettelagt’ og – ja visst – ’trivli’. Reint arkitektonisk er han absolutt inne på noko. Området ser utvilsamt triveleg og praktisk ut. Google street view avslører opptil fleire kanoar på biltak, trampolinar i hagen, store tre og buskar. Vi er med andre ord i det norske suburbia, som scorar høgt på det som i byteori vert kalla ’perceived qualities’ – det folk flest oppfattar som gode områdekvalitetar. Dessverre er dette i sterk konflikt med dei faktiske kvalitetane som vert dyrka fram i dagens byplanlegging, som under namnet ”compact city development” framelskar små leilegheiter, bilfrie sentrum, energieffektiv kollektivtransport og fortetting rundt knutepunkt. Eit klassisk døme på segmenterte skiljelinjer mellom folkelege og faglege preferansar.

Kva så med Lier kommune? Vel, i 2016 vart Lier kåra til den 14. mest berekraftige og attraktive kommunen i Noreg av NHO. Kommunen er særleg god på økonomi og næringsliv – det er fint, for der er jo Eivind svak – men til gjengjeld svak på kompetanse, spesielt med tanke på utdanningsnivå. Det er Lier berre på 88. plass i norsk samanheng. På tide å ta den mastergraden og dra opp gjennomsnittet, Eivind? Kommunen, ved Høgre-ordførar Gunn Cecilie Ringdal, har uansett planane klare: Dei skal satse tungt på ”kunnskapsarbeidsplasser”. Pass på, Kunnskapsbyen Lillestrøm, no vert det rift om kunnskap som retorisk drivkraft i den lokale utviklinga.

Trippel voodoo
Heilt til slutt må vi nesten seie noko meir om sjølve kampen, som vart ein oppløftande affære sett med norske auge. Innleiingsvis såg det ut til at dette skulle verte ein enkel affære for Tyskland. Leia av den ruvande kapteinen Jonathan Tah, til dagleg ei klippe i Bayer Leverkusen, såg tyskarane ganske enkelt for sterke ut. Men etter at Tyskland hadde gått opp til 1-0 skjedde det noko temmeleg utysk: Dei gav frå seg initiativet, og Noreg greip sjansen. I løpet av det siste kvarteret før pause gira nordmennene gradvis opp, heilt til eit vakkert kombinasjonsspel enda hos Morten Thorsby, som kontant sikra utlikninga i det 45. minutt. Plutseleg var alle korta på bordet att.

I 2. omgang var det Noreg som såg ut som europeisk toppnasjon, ikkje Tyskland. Kanskje var det gamle voodoo-takter som kom over Jonathan Tah & co? Kapteinen var i alle fall langt under pari utover i kampen. Som 17-årig stortalent i Hamburger SV opplevde han å vere involvert i ei bisarr sak, som blant anna involverte skuldingar frå far hans, Aquila Tah, om at sonen hadde vorte utsett for voodoo i kontraktsforhandlingane med agent og klubb. Andre meinte at den til då fråverande faren var mest oppteken av å sikre sin eigen del av den økonomiske pakka. Utfallet vart i alle fall at karrieren til Tah hamna i limbo for ei stund, før han gjekk på lån til Fortuna Düsseldorf, for dernest å kome på rett kjøl att hos Leverkusen.

Mot Noreg i Drammen, derimot, kom korkje han eller lagkameratane på rett kjøl. Martin Ødegaard var ganske enkelt sublim i store delar av kampen, med silketouch, spelforståing og bortimot prikkfri pasningsfrekvens. Han sikre sjølv 2-1-målet på lekkert vis, før han på finurleg vis fann Morten Thorsby på løp inn i feltet. Thorsby, som såg ut til å ha lim på brystkassa i denne kampen, dempa lekkert og ekspederte nådelaust vidare til 3-1. ”Noregs Thomas Müller”, meinte vi om Thorsby etter kampen.
Norsk jubel etter 3-1 over Tyskland U21.

Vi må elles trekkje fram den energiske Henrik Bjørdal, som la opp til 1-1, og midtstoppar Kristoffer Ajer, som etter kvart hadde langt betre kontroll defensivt enn Jonathan Tah, som ikkje kunne motstå norsk voodoo i kveld.

Kveldens voodoo-dose tripla seg då vi etter kampen kom til Drammen stasjon, der det synte seg at alle tog mot Oslo var innstilt mellom Drammen og Asker. Dermed vart det kamel for hest for buss for tog. Ei keitete avslutting på ein elles strålande tur til Drammen.

Eit dystert syn møtte oss på Drammen stasjon.


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar